mandag 18. mai 2009

Brutalt edru


Eg har vore sløv med How to save A(ngela's) life- boksen, men Birte minte meg på det, og den er oppdatert nå. Kan allerede sei at eg har failet på nr. 1 då eg tok 40 knutar og nr. 3 fordi eg var EIN dag vekke frå skulen for å reise til Kongeparken.

Russetida
er nå over, og eg ville grine i dag når eg ikkje skulle ta på meg russebuksa. Heile russetida har vore som ein einaste lykkeRUS for meg, men eg blei brutalt edru når eg vakna i dag. Ikkje berre var rusen vekke, men bakrusen hadde komt. Eg innsåg kva eg har i vente framover, og det er eksamenar og prøvar. Må sei at eg følte meg dårleg berre av tanken. Men så kom eg nå på skulen ein time for tidlig i dag og begynte å redigere russefilmen min, og det i seg sjølv var jo litt oppsig. Resten av dagen har gått til soving, rydding og eting.


Når det gjelder
Norge sin fødselsdag så feirast den annleis her i Bergen, enn eg er vant med i Haugesund. I staden for å ha eit "barnatog", eit folketog og eit russetog har Bergenserane slått dette samen i eit tog. Me møtte opp på Torgallmenningen kl. 10 og begynte å gå kl. 12.30 sånn omtrent. Russen berre gjekk der, mens i Haugesund har alle stelt i stand med ein "parade" med både fest og show. Som nevnt på videoen i forrige innlegg så la eg meg på dagen og om kvelden møtte eg folk, og som eg sa til læraren i dag, "festa roleg" i Nordnesparken.


Dagen og russetida
blei avslutta med panikkåtferd på Burger King toalettet og rakettar på festplassen. Det var nydeleg å sjå på, og akkuratt når rakettane vert ferdige begynte det å regne. Eg tok det som eit teikn på at drømmeverda eg har levt i i 3 veker med russetid og strålande vær nå er over. Verkeligheita slår tilbake, og alle veit at det verkelige liv i Bergen inneheld regn.


Lykke til på eksamen!


Aleksander hadde ein veldig bra beskrivelse av korleis 17. mai skal feirast i Haugesund. Klikk her og les kva jeg var forberedt på! (Her i Bergen blir ein ikkje angrepe av ungar eingong!)

4 kommentarer:

  1. hehe, kjekke russetid iallefall!
    ja, Turbo var kjempe bra :D

    SvarSlett
  2. Aff, eg kjeme te å savna å gå i bokso eg o. :P

    Godt det snart e sommar!

    Haha, russatoget, ja... Fekk nåken kommentarar at det ikkje va så veldig bra i år, me gjekk for klyngete, folk rakk ikkje å sjå på plakatane xD Men Vardafjell vant pris for beste innslag, då! :D

    SvarSlett
  3. Else: Juhu ! :D

    Hilde: Eg hørte det va bra eg? Ka va innslaget? :P

    Akarlsen: ;D

    SvarSlett

Got something to say? Say it now or forever hold your peace.